Leir 4 – dag 4 og 5
Så var det klart for overnatting. Heile gruppa ynskja å liggja her, og me blei då totalt 20 stk fordelt i to lavvoar. Ein stille sjø, og eit flott vær la alt til rette for at me kunne ta kanoane og padle oss ein tur. Frå morgonen av var gruppa delt i to, der den eine satt fiskeline og den andre trente på padleteknikk. Padleturen starta 11.30, og då gjekk det ikkje så veldig lenge før me måtte ete lunsj. Me stoppa ute på haukanesoddeen, og her var det så fint at me like godt kunne vere der litt å bade. Etter å ha vore borte frå leirplasen i 2,5 timar, så returnerte me og det blei enda meir bading. Grillen blei etterkvart satt på, og me koste oss med mat og marshmallows. Som ein ekstra dessert laga me lappar på grillen etter at me hadde trekt opp lina som inneholdt 1 stor lange og 4 paler/seier. Ein flot fangst! Lavvoane blei satt opp i god tid før mørkret kom, så barna kunne leggje seg til rette og liggje å prate litt i teltet før dei måtte sove. Det var ei kald natt, heilt ned i 7 grader, så det var nokre som hadde frose litt, men alle hadde fått sove greit. Fredagen gjekk med til bading i sjøen, rydding, kakeeting, og bading i kulpen. Takk for ei flott veke.Leir 4 – dag 3
Det har vore eitt veldig flott vær idag, og det har blitt mykje bading og kano. Litt kaldt i lufta var det likevel, så det blei bålkos og pølsegrilling med pinnebrød og makaroni som tilbehør. Me fekk også gjennomført nokre kanoredningar, men det tar litt tid med kvar, og når vatnet ikkje er så varmt, så blir det ikkje så fristande. Resten får prøve seg ein av dei siste to dagane. Ein populær aktivitet idag, var hopping frå "fjellet" som er noko høgare enn badeplatformen. Dette syntes barna var veldig kjekt og spennande. Dagen blei avslutta oppe ved vegen der me spelte fotball og spelte "kubb". Her blei eg imponert over mange fotballtalent. I morgon er det overnatting, og det veit eg at mange ser fram i mot. Me leiarane gledar oss også.Leir 4 – dag 2
Dagen starta som vanleg med frukost, før me denne dagen delte gruppa i to. Halvparten var med Kenneth ut i kano for å lære seg forskjellig padleteknikkar, og det var kjekt å sjå at barna hadde blitt enda litt flinkare til å padle etter dette, og enda er det 3 dagar igjen, så dette lovar bra. Resten av leirgruppa skal få litt opplæring i padleteknikkar ein av dei komande dagane, så då er me alle klare for ein lengre padletur på torsdag. Gruppa som var med meg tidleg på dagen idag var med å laga til fiskeline som me satt rundt 10 og trekte rundt 14. På denne fekk me 1 pale og 1 uer. Pala blei stekt på stormkjøkken rett før alle gjekk heim, og panna blei heilt reinska, så fisk får me satse på at det blir meir av.Leir 4 – dag 1
I dag kom det 16 barn på leir og me har padla i kano, fiska og bada. Det blei ikkje den store fangsten, men det blei dratt opp 1 makrell, 1 liten lyr og ein "ufisk". Det har vore varmt i lufta og flott vær omtrent heile dagen, så me har vore veldig heldige. Etter lunsj gjekk me også ein tur opp i skogen for å finne oss emne til å spikke oss heimelaga blyantar av. Gruppa var veldig ivrige, og det har allereie blitt spikka flotte mønster. I morgon skal halve gruppa sette fiskeline, medan den andre havdelen skal få lære seg litt om kanopadling og padleteknikkar. Fiskelina skal me trekke opp ilag alle saman på slutten av dagen, og då får me krysse fingrane. Reknar med det også i morgon kjem ynskje om bading blant desse tøffe barna, så det blir sjølvsagt også ein av morgondagens aktivitetar.Leir 3 – dag 3 og 4
Onsdag var det klart for overnatting, og på morgonen kom barna nedlassa med sekkar, sovepose og liggjeunderlag. Me åt frukost som vanleg, og deretter var det full aktivitet med fisking,kanopadling og bading. Rett før lunsj laga me klar ny fiskeline og satte denne. Planane var mange for denne dagen, og me rakk ikkje over alt som var planlagt, men full aktivitet var det iallefall heile dagen. Tidlegare på dagen hadde me fått litt makrell og smålyr på fiskestanga, og dette blei naturlegvis grilla seinare saman med middagen. Etter middag reiste me ut for å trekkje fiskelina, og denne gangen var me heldigare. Éin stor sei, éin liten sei og ein uer var fangsten denne gangen. Når me kom tilbake fekk alle ein gjennomgang på korleis ein sløyar fisk. Lavvoen blei satt opp og nokre av barna var med å sette eitt fiskegarn som blei trekt dagen etter. I dette garnet fekk me 2 makrellar og 8 lyrar. Med andre ord ein super fangst. Dagen blei svslutta med eit friskt bad i Aldalskulpen og sjokoladekake. Håpar alle har hatt ein fin leir, og velkommen tilbake neste år. Takk for i år.Leir 3 – dag 2
Me har hatt ein flott og varm dag. Starta dagen med å førebu og sette fiskeline. Denne blei satt på morgonen og låg ute i fem timar. Desverre så fekk me ingenting på denne idag, men me skal prøve enda ein gang i morgon, så me får krysse fingrane. Ellers var det stor interesse for fisking frå kaien. Her blei det mange makrellar og nokre smålyrar til stor begeistring. Me fekk også tatt igjen turen i skogen, så no er me i gang med spikking av knagg. Sjølvsagt blei det også bading og kano, men tilbakemeldingane seier at dette vil dei ha meir av, så i morgon skal alle som vil få plaske enda meir i sjøen. I morgon blir det også ein lang dag, der dei som vil kan overnatte til torsdag, så dette blir spennande og kjekt. I morgon skulle me eigentleg til Hagabakkane, men me vel å nyte finværet ved sjøen, og gjennomfører heller ulike aktivitetar som slåball, fotball og volleyball på den plassen me har til disposisjon. Me satsar på ein litt lengre kanotur før me skal grille og sette opp lavvoar.Leir 3 – dag 1
Første dagen på leir 3 har gått veldig fint. Me starta dagen med frukost der me etterpå gjekk rett ut på ein liten kanotur. Mange hadde ikkje prøvd kano før, så det var litt vanskeleg i starten, men det gjekk ikkje lenge før alle hadde lært seg nokre "padletriks", og det blei betydeleg enklare å føre kanoen dit ein ynskja. I tillegg til å sitte oppi å padle kano, så fekk dei som ville prøve å velte kanoen sin, for deretter å bli redda av ein anna kano. Ein såkalla kameratredning. Veldig bra innsats. På ein slik varm dag, så er også sjølvsagt bading ein populær aktivitet, og mange var i sjøen både titt og ofte. I løpet av dagen var me ute å fiska i båt i to puljer, samt fiska frå kaien, og det blei ein flott fangst. 4 makrellar, 3 paler og éin liten lyr. Dagens heldige fiskarar var Vemund, Knut Erik og Vilde. Desse ville ta med seg fiskane heim, så me får tru dei har hatt ein god fiskemiddag idag. To av fiskarane visar stolt fram litt av fangsten på galleriet her inne på heimesida. Me gjekk ikkje tur i skogen idag, men satsar på å komme oss opp i morgon å finne emner av tre som me skal lage klesknaggar av. I tillegg skal me sette fiskeline i morgon, så det blir spanandeLeir 2 – dag 4 og 5
Etter frukost gjekk halve gruppa for å lage klar fiskelina og rodde så ut for å sette den. Den andre gruppa var litt her og der med padling og aktivitetar inne i naustet. Me hadde laga oss nistepakkar under frukosten, så rundt 11.00 starta me turen mot Hagabakkane. Første stopp var Samnanger Barneskule der barna fant ein ball, og då var i alle fall fotballaktiviteten i gang. Tida gjekk, og me bestemte oss for at me ikkje trengte gå heilt til Hagabakkane, men spele litt brentball/slåball, kast med liten ball og liknande på skuleplassen. Flinke turnarar hadde me også med oss som slo hjul, araber og laga pyramide. Det var med andre ord moglegheiter for mange ulike aktivitetar. Klokka 14.00 returnerte me til Aldalen der det blei bading og klargjering til grilling. Fiskelina var satt slik at me kunne sjå landtauet frå land, og under badinga kunne ein sjå at tauet bevega på seg, og då blei sjølvsagt spenninga ekstra stor. Etter grillinga trekte me lina, og som me trudde, så var det mykje flott fisk. 1 stor lyr, 1 lange, 1 pale og 3 skater blei dratt opp av sjøen. To av skatene blei kasta ut i sjøen igjen medan me skar av vingene på den største for å vise kva ein kan ete på skata. Planen var at me skulle steike den også, men tida flaug rett og slett ifrå oss. Ettersom leirplassen hadde blitt noko våt i løpet av veka, så tok me telta og overnattingsutstyret med oss opp til grasflata ved gamlevegen, der det var mykje tørrare og egna for overnatting denne gongen. Som det ofte blir på leir, så blei også leggjetida litt seinare enn vanleg. Me spelte kubb og koste oss utanfor teltet før alle til slutt blei jaga inn i sitt telt. Fredagen åt me ein litt seinare frukost, bada og rydda opp på leirplassen. Utdeling av premiar og nydeleg nybakt sjokoladekake var det siste som skjedde på leiren for i år. Tusen takk for ein flott leir. Håpar alle har kost seg, og velkommen tilbake til neste år.Leir 2 – dag 3
Denne dagen blei det mykje speling og handverksarbeid inne i naustet. Temperaturen var fin ute, så litt regn sette ikkje ein stoppar for ungane. Det blei også økter med både fisking, bading og padling. Me reiste ein båt ut for å fiske, og der drog Fiona opp 4 makrellar på ein gong på fiskesnøre. Ein stolt fiskar visar opp fangsten på galleriet. Fleire fekk prøve å sløye og filetere makrellen som me steika og åt inne i naustet til stor begeistring. Ei anna gruppe bada og hoppa frå flytebrygga saman med dei flinke hjelparane mine på leiren. Gruppa blei også delt i to, der halvparten var inne i naustet og lærte førstehjelp med Daniel, medan resten var ute å hadde padleteknikk og flaskepost konkurranse. Etterpå bytta gruppene aktivitet. I morgon er det tid for overnatting i lavvo.Leir 2 – dag 2
Starta dagen med ein koseleg frukost der sola, til tross for meldingar om regn, stakk seg fram. Men sola varte ikkje lenge, og det var nett som om himmelen opna seg då nokre var uti kano og andre laga til fiskeline. (Ligg ute eitt veldig beskrivande bilete på galleri) Heldigvis var det varmt ute og sjøen låg omtrent heile tida stille. Dermed kunne me likevel padle, fiske og bade. Etter lunsj, som var tomatsuppe, gjekk me opp i skogen for å finne emne til å spikke klesknagg. Elles agna me fiskeline tidleg på dagen og trekte den rundt 14.00. Her fekk me 3 skater og ei lita brosme. På torsdag blir det moglegheit for ny fangst.Leir 2 – dag 1
I dag har me vore på leirplassen heile dagen. Me skulle eigentleg ein tur i skogen, men ettersom sjøen låg stille, og det er meldt litt vind denne veka, så utnytta me denne dagen maksimalt i kano, fiske i båt og bading. Til tross for ganske heftig regn til tider så var det ingen problem i det heile. På desse ungane er ordtaket - det fins ikkje dårleg vær, men berre dårlege klær - verkeleg sant, og det er heilt supert med ei slik instilling. Innimellom aktivitetane ute kunne ein gå inn i naustet og spele spel, samt håndverksarbeid, og om ein blei kald blei det servert varm sjokolade og saft. Halve gruppa laga også eigne kuler av cernitleire som blir brent i omnen, og som til slutt skal bli leirarmband for i år. I morgon skal me ta turen i skogen for å finne flotte emner for å lage ein heimespikka klesknagg. Denne knaggen skal så bli dekorert med kålrosing(kan sjekkast opp på nett). I tillegg til tur skal halve gruppa sette fiskeline som alle skal vere med å dra før me avsluttar dagen. Den andre halvdelen skal få lære seg litt meir om ulike måtar å padle på slik at ein lettare kan kome seg dit ein vil. Ellers blir det leikar på leirplassen.Leir 1 – dag 3 og 4
Denne dagen var planen å vere på leirplassen fram til lunsj, og deretter gå til Hagabakkane og finne på litt aktivitet der før me skulle tilbake for å grille. Dette måtte me endre litt på pga mykje nedbør. Me vurderte det som meir kjekt for barna å holde til ved sjøen med moglegheit for padling, bading og fisking. Då hadde me moglegheit til å kunne ta ein pause med spel inne i naustet og varme seg med ein kopp varm kakao om ein blei kald. Me sette fiskeline som planlagt før lunsj og trekte den ca kl.16.00, men dessverre så fekk me ingen fangst denne gangen.. Me fekk også gjennomført eitt rebusløp i området, men fekk litt problem å skrive då himmelen plutseleg opna seg. Uansett, så var det ingen sure miner. Ein fantastisk gjengJ. Frå kl. 15.00 blei det veldig fint og klart for ein kanotur. Planen var eigentleg Flesjane, men me tok heller ein litt mindre tur utover mot haga før me kom heim igjen ca 20.00 og lagde til leirplassen. Alle la seg deretter inn i lavvoane rundt 23.00, og det gjekk ikkje lange tida før det var stilt, og me leiarane også kunne leggje oss til å sove. Laurdags morgonen stod me opp til frukost ca 08.30, for deretter trekke garn, som eg og Kine sette ut kvelden før ettersom me ikkje rakk å gjere det med ungane. Ingen fisk denne gangen, men så var me då veldig heldige med fangsten både på den første fiskelina, og den første dagen med fiske frå båt. Laurdagen hadde me eitt bursdagsbarn, nemleg Hanne, som blei 8 år. Då var det sjølvsagt kake med lys til dessert etter lunsjen før det plutseleg var tid for henting, og leir 1 for denne gangen var over. Takk for ein flott leir alle saman. Håpar alle har kost seg. Det har i alle fall eg og KineLEIR 1 - dag 2
I dag blei gruppa delt i to den første delen av dagen. Den eine gruppa lærte om padleteknikk av Kine, medan den andre gjorde førebuingane med fiskelina, samt å sette den ut. Formiddagen var varm og fin, og det var mykje padling og litt bading, men etter lunsj kom regnet fram. Det blei ein våt slutt på dagen, men det la absolutt ingen dempar på humøret. Dagen blei avslutta med trekking av fiskeline der litt over halvparten blei med ut, medan resten var blitt såpass våte og kalde at dei heller var igjen i naustet. Ein ny moglegheit kjem i morgon, for då blir det satt enda ei line. Fangsten på lina denne dagen var veldig fin. 1 veldig fin og stor lange, 1 kviting, 1 lita brosme, 1 kolje(som fekk leve vidare) og ei lita skate. På galleriet kan ein blant anna sjå den flotte langa som blei dratt opp. I morgon blir det overnatting.LEIR 1 - dag 1
Årets første dag på leir fekk ein flott opning med sol og 17 grader. Me reiste på ein tidleg kanotur til Haukanesodden, der fjorden låg blikk stille. Både nybegynnarar og litt meir erfarne klarte seg heilt supert med padlinga. Resten av tida før lunsj var me ein tur opp i skogen og fant tre emner til spikking av blyant og knagg. Desse skal dekorerast med metoden kålrosing. Til lunsj laga dagens matgruppe meksikansk tomatsuppe m/brød. Etter lunsj var det bading, kano, fotball, frisbee, spikking og fisking. Gruppa som var ute i båt å fiska kunne stolt vise fram 3 makrell og 1 pale fiska av Frank Roger, Hanne og Thomas. I morgon blir det meir fisking og padling, samt andre aktivitetar.