INFORMASJON OM LEIRANE
ALDAL FRILUFTSLEIR:
Det fins 3 ulike leirar å velge mellom. To på 5 dagar og éin på 4 dagar.
Alle leirane er dagslerar og startar 07.30 og avsluttast 15.30.(Siste dagen blir avslutta kl.13.00
Deltakarane får frukost og lunsj kvar dag. Leirane består av mange forskjellige
aktivitetar både ved sjøen og i skogen. For å nevne nokre, så har me kanopadling,
fisking, bading og handverksarbeid. For dei deltakarane som har lyst,
blir det arrangert éi overnatting i lavvo der me grillar og kosar oss på kvelden.
Det som skal kjenneteikna denne leiren er at deltakarane skal kunne gå heim igjen og
føle at dei har lært noko. Korleis skal ein oppføre seg i naturen? Korleis sløyar og
tilberedar ein fisk ute? Kva er viktig å tenkje på iforhold til brenning av bål?
Aldal friluftsleir er ikkje ein oppbevaringsplass for born,men ein læringsplass og
ein plass der borna kan hauste flotte og positive opplevingar ved å vera i
fysisk aktivitet ute saman med andre.
Tilbake till startsida